Denne veka kick-starta vi Sogn Sirkulære Biohub på ViteMeir!

Måndag 3. juni samla vi ein heil gjeng av sirkulærintereserte til kick-off på ViteMeir. Programmet var pakka med fagleg innhald frå både lokale og tilreisande aktørar, opning av den nye Vitenparken og ein workshop i regi av Natural State.

Leiar for hovudutvalet for næring i Vestland fylke Oddmund Klakegg fekk æren av å starte dagen med eit innlegg om betydinga av grøn næringsutvikling i Vestland. Deretter fekk vi ei innføring i kva ein hub er og korleis Vestland Fylkeskommune gjennom Grøn Region Vestland jobbar for å styrke sirkulære initiativ i distrikta. Deretter stod Norsk Forskningsråd og leiar for VITEN-styret på programmet som fortalte om Vitensentera si rolle i det grøne skiftet. Neste på programmet var to av samarbeidspartnarane i Sogn Bio hub, ViteMeir med dagleg leiar Gry Høyheim og SIMAS med direktør Dagny Alvik. Det faglege programmet blei avslutta av leiar for sirkulærøkonomi Cathrine Barth frå Natural State som gav dei frammøtte ei lyninnføring i sirkulær bioøkonomi, materialstraumsanalysar og kvifor Sogn er ein spennande region for ei bio satsing.

Etter det faglege innhaldet tok alle turen ut i sola for å være med på opninga av den nye Vitenparken utanfor ViteMeir. De kan lese meir om opninga på Sogn Avis her.

For dei aller ivregaste held dagen fram med ein workshop saman med Natural State. Her blei det arbeida med potensiale for biosymbiosar i Sogn, og ein kom fram til at potensialet er stort grunna alle dei spennande aktørane i regionen vår i kombinasjon med våre naturgitte fordelar som tilgang på kraft, vatn og biomateriale.

I samband med kick-off er endeleg nettsida til Sogn Sirkulære Biohub lansert! No kan alle surkulærinteresserte fylje arbeidet på Sogncircular.no .

Vi ynskjer å takke alle samarbeidspartar i huben for eit vel gjennomført arrangement og gledar oss til å jobbe vidare med å sette Sogn på kartet som ein føregangsregion innan sirkulære symbiosar!

Forrige
Forrige

Skisseutlysning for "Samarbeidsprosjekt for utvikling av sirkulære verdikjeder 2024"

Neste
Neste

Første samling i Nordic Circular Accelerator