Gratis Webinar - Korleis fremje sirkulær ressursbruk?
Webinar om status og trender for verdens naturressursar og ressurseffektive og berekraftige løysingar innan bygg, mat, transport og energi.
Stad: Digitalt (Zoom)
Tid: 10:00-11:00
Pris: Gratis - krev påmelding - meld deg på her
Arrangør: Miljødirektoratet, Naturvårdsverket og NTNU (teknisk arrangør)
FNs ressurspanel lanserte rapporten Global Resources Outlook på FNs miljøforsamling 1. mars. Forbruket av ressursar er meir enn tredobla dei siste 50 åra og ein viktig årsak til miljøkrisa. Rapporten viser at ressursforbruket vil auke med 60 prosent dei neste 40 åra viss vi ikkje endrar retning til eit meir effektivt og berekraftig forbruk. Er det mogleg å snu utviklinga?Ressurspanelets forskarar frå Noreg, Sverige og Finland vil presentere hovudbodskapar frå rapporten på webinaret.
Program
Velkommen
Daniel Berlin, Naturvårdsverket, Sveriges representant i ressurspanelets styringskomité.
Eit skifte mot eit sirkulært, ressurseffektivt samfunn med god livskvalitet
Janez Potočnik, ressurspanelets leiar, partner i SYSTEMIQ og tidlegare EU-kommissær for miljø.
Hovudbodskapar frå Global Resources Outlook innan bygg, mat, transport og energi
Marianne Gjørv, Miljødirektoratet, Norges representant i ressurspanelets styringskomité.
Miljøpåverknad av ressursbruk. Døme på ressurseffektivitet i bymiljø
Edgar Hertwich, Norges teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), forskar i ressurspanelet, Noreg
Endra produksjon og forbruk av mat for å nå natur- og klimamål
Eeva Primmer, Det finske miljøinstituttet (SYKE), forskar i ressurspanelet, Finland
Strategiar og verkemiddel for å fremje sirkulær og effektiv ressursbruk
Anders Wijkman, The Royal Swedish Academy of Sciences, forskar i ressurspanelet, Sverige