Green Hydra: Første internasjonale samling avbroten av flaum i Italia
17. september reiste den norske delegasjonen i interreg europe Green Hydra, til Ravenna, for den første internasjonale samlinga i prosjektet.
Samlinga opna med ein kapasitetsbyggande workshop som fokuserte på å forstå hydrogenets verdikjede. Med talarar frå Hanze University og Emilia-Romagna-regionen, fekk deltakarane innsikt i korleis SMB kan dra nytte av hydrogenøkonomien. Dr. C.E. Tineke Van der Meij presenterte eit vellukka prosjekt frå Nederland, og det vart også diskutert korleis regionar som Emilia-Romagna arbeider med dekarbonisering og utvikling av grønn hydrogeninfrastruktur.
Etter ein god lunsj fekk me omvising på Energy and Sea Research Centre i Marina di Ravenna, der fekk me sjå korleis hydrogenlaboratorium og forsking bidreg til å redusere utslepp.
Dagen var planlagt å fortsette med fleire aktivitetar den 19. september, men uventa flaum i Nord-Italia førte til at arrangementet vart kansellert. Alle 11 partnarane måtte evakuerast, og togtrafikken i området vart stansa.
Trass i avbrotet er partnarane i Green Hydra fast bestemte på å halde fram arbeidet med å utvikle politiske verkemiddel for å støtte SMBs deltaking i hydrogenmarknaden. Samlinga i Ravenna la eit viktig grunnlag for vidare samarbeid på tvers av Europa, med fokus på grøn vekst og klimaløysingar.
Neste steg, workshop: potensialet for hydrogen som energiberar i Sogn
Den neste lokale aktiviteten i prosjektet vert ein workshop for å få ei forståing for kva potensiale som ligg i regionen vår for å bruke hydrogen som energiberar. Gjennom ei arbeidsøkt skal me avdekke moglegheiter og barrierer knytt til hydrogenverdikjeda i Sogn.
Workshopen er satt til 21. november.
Alle som er nysgjerrige på og har ei interesse i hydrogenverdikjeda er velkommen til å delta på workshopen.
Hydrogen som viktig faktor for å nå klimamåla
Visste du at Grønn hydrogen er forventa å spele ei viktig rolle for å nå EUs mål om å redusere klimagassutslepp med 55 % innan 2030 og oppnå netto nullutslepp innan 2050.