Sirkulære moglegheitar i Helsinki
Som deltakarar i Nordic Circular Accelerator fekk Sogn Biohub moglegheita til å delta på Nordic Circular Summit i Helsinki. Over to daga fekk vi innsikt i nyheiter, påfyll av kunnskap og utvida nettverket innan sirkulærøkonomi. Frå Sogn hadde vi med oss Karoline Myklebust frå Sogn Næring, Lea Myklebust frå Kunnskapsparken Vestland og representant frå næringslivet Jørn Mortensen frå SIMAS IKS.
Nordic Circular Accelerator er eit program som støttar bedrifter i Norden i overgangen til sirkulær økonomi. Programmet tilbyr rådgjeving, nettverksbygging og ekspertise for å hjelpe verksemder med å utvikle berekraftige forretningsmodellar, redusere ressursbruk og fremje innovasjon. Å vere ein del av programmet har gitt oss tilgang til eit unikt nordisk nettverk av partnarar, mentorar og potensielle samarbeidspartnarar. Som deltakar har vi fått hjelp til å identifisere moglegheiter for sirkulære løysingar og til å implementere desse i praksis.
Gjennom programmet har vi fått verdifull fagleg påfyll innan temaet og innsikt i korleis ein kan posisjonere seg som leiande aktørar innan sirkulær økonomi i eit stadig meir berekraftfokusert marknad.
Summiten vart arrangert av Nordic Innovation i samarbeid med ledande aktørar innan sirkulær økonomi i Norden. Konferansen samla bedriftsleiarar, forskarar, politikarar og organisasjonar for å utforske løysingar på korleis Norden kan leie overgangen til ein sirkulær økonomi.
Vi fekk høyre frå foredragsholdara som leiande innan sirkulærøkonomi. Nokre av dei vi fekk høyre frå var Taru Rastas frå Sitra, Malahat Ghoreishi frå LAB University of Applied Sciences, og Christian Hudson frå GIZ Global Textiles Transparency Project. Dei delte innsikt og erfaringar frå sine felt, med fokus på berekraft og innovasjon.
Nokre av dei viktige tema som vart diskuterte var korleis teknologi og digitalisering kan fremje sirkulære forretningsmodellar. Sirkulære løysingar i tekstilindustrien og andre ressursintensive sektorar. Politikk og samarbeid på tvers av nordiske land for å akselerere overgangen til ein berekraftig økonomi.
Dag to var eit kunnskapsdeling og nettworking arrangement for deltakarane i akselratoren. Her presenterte vi arbeidet i Sogn biohub for representantar frå store internationale selskap og leiande forskarar innan sirkulærøkonomi.
Nokre av fasilitatorane for duskusjonane blant aktørane var Malahat Ghoreishi som er seniorforskar og føredragshaldar ved LAB University of Applied Sciences i Finland, med spesialisering innan sirkulær økonomi og digitalisering. Ho arbeider med forsking og utdanning for å fremje berekraftige løysingar. Michael Hanf er leiar for berekraftig næringsliv ved Teknisk forskingssenter i Finland (VTT). Han arbeider med å utvikle innovative løysingar for ei berekraftig framtid. Christian Hudson er prosjektleiar for det globale tekstiltransparensprosjektet i GIZ og arbeider med EU- og G7/G20-diplomati. Han har ei sentral rolle i å fremje berekraft og rettferdige arbeidsvilkår i tekstilindustrien.
Vi reiste tilbake til Sogn med mange nye inntrykk og bekjentskap som skal hjelpe oss vidare på den sirkulære reisa i regionen vår. Neste samling i programmet er et digitalt møte i slutten av desember.