789,000,- til vidareutvikling av Sogn Biohub

Vestland fylkeskommune løyver inntil kr 789 000 til Sogn biohub for å styrke industriell symbiose i grøne hubar 2024. Med denne løyvinga kan vi arbeide med å vidareutvikle Sogn Biohub dei kommande åra.

I prosjektet skal Sogn Biohub ha som mål å utnytte bioressursane i regionen og utvikle nye sirkulære krinsløp med Kaupanger industriområde som nav. Regionen har rike biomasseressursar frå skogbruk, landbruk og havbruk, som legg grunnlaget for innovasjon og verdiskaping innan bioøkonomi. Forprosjektet har kartlagt store moglegheiter, og denne søknaden fokuserer på å realisere konkrete symbioseprosjekt, med pyrolyseanlegget som ein sentral del

 

Prosjektet består av fem arbeidspakkar

AP1: Prosjektleiing og koordinering

AP2: Kartlegging av bioressursar og areal

AP3: Kompetanseheving og nettverksbygging

AP4: Etablering av verdikjedesamarbeid for pyrolyseanlegg

AP5: Energikartlegging og ressursutnytting

Forrige
Forrige

Fasilitatorsamling med Grøn Region Vestland

Neste
Neste

SMBar fram i den grønne omstillinga!