Fasilitatorsamling med Grøn Region Vestland

Førre veke møtte alle hub fasilitatorane og hubkontaktene under Grøn Region Vestland prosjektet til felles arbeidsøkt i Bergen. Målet med samlinga var å utveksle erfaring og kunnskap på tvers av hubbane i fylket.

Samarbeid og problemstillingar på tvers av hubbar

Aslak Sverdrup, regionsdirektør Innovasjon Noreg Vestland, opna samlinga med å leggje vekt på viktigheita av samarbeid for å lykkast i det grøne skiftet.

Tor Martin Misund, hubkoordinator i Grøn Region Vestland presenterte fellestrekka ein ser på tvers av hubbane. Og dermed kva for problemstillingar vi kan jobbe med saman. Nokre av desse fellestrakka var forretningsplanar, overskotsvarme, bio verdikjeder, kartlegging av kapitalmoglegheiter, arealplanar og samarbeid på tvers mellom hubbar.  

Workshop om industriell og urban symbiose ved Murat Mirata og Emelie Eriksen   

Murat Mirata har forska på industriell symbiose i 25 år, men aldri før har han sett så mange hubbar jobba med industriell symbiose i ein region. Me var heldige og fekk med oss Murat på samlinga, som saman med Emelie Eriksen frå NORCE, hadde ein workshop der hovudfokuset var erfaringsdeling rundt industriell symbiose og styrking av fasilitator-rollen.  

Barrierane  

Under andre dag av samlinga hadde vi fokus på dei fire barrierane kapital, kompetanse, kraft og nett, og areal. Her hadde vi med oss ressurspersonar frå eigarorganisasjonane og andre ressurspersonar knytt til prosjektet frå økosystemet. Gjennom ein cafébord-øvelse fekk alle løfta kritiske utfordringar i hubbane knytt til barrierane, og konkretisert skarpe oppdrag me bør løysa for å redusera desse i fellesskap. Det ble peika på fleire fellesutfordringar de opplever og dei brennpunkta som me i prosjektteamet kan jobba vidare med å løfta og adressere.   

Oppsummering  

Gjennom dei ulike sesjonane på industriell symbiose, fasilitatorrollen og barrierane kom det fram kva saker som bør løftast fram i fellesskap og skrivast i caps lock. Noko av det som vart peika på her var rammevilkår for industrielle symbiosar og fleirbruk/gjenbruk/sambruk, verkemiddelapparatet, avfallsmarknadsplassar og myteknusing om kraft og nett.

Forrige
Forrige

Aktuelle støtteordingar til miljøprosjekt

Neste
Neste

789,000,- til vidareutvikling av Sogn Biohub