Aktuelle støtteordingar til miljøprosjekt
Det finst mange moglegheiter for støtte til prosjekt gjennom verkemiddelapparatet. Her er nokre vi tenkjer de bør sjå nærmare på.
Forskningsrådet, Siva og Innovasjon Noreg lyser ut Grønn plattform, ei satsing som gir støtte til forskings- og innovasjonsdriven grøn omstilling i næringslivet. Grønn plattform ønskjer søknadar frå samarbeidskonsortium som kan levere dei beste prosjekta, frå forsking og teknologiutvikling til ferdige løysingar. Målet er å utvikle eit berekraftig næringsliv som tek vare på klima og miljø og skapar økonomiske verdiar.
Obligatorisk skisse har innsendingsfrist 5. mars. Hovudutlysing har søknadsfrist 4. juni. Les meir her.
Horisont Europa er EUs rammeprogram for forsking og innovasjon (2021–2027) og verdas største av sitt slag, med eit budsjett på 95,5 milliardar euro over sju år. Norske aktørar kan søkje om midlar på lik linje med bedrifter, offentlege verksemder og forskingsinstitusjonar i EU-medlemsland.
Programmet er delt inn i tre delar:
Framifrå forsking: Finansiering til banebrytande og nysgjerrigheitsdriven forsking.
Globale utfordringar og konkurransedyktig næringsliv: Her ligg meir enn halvparten av budsjettet. Finansiering av store og komplekse samarbeidsprosjekt der næringsliv, offentlege aktørar og akademia jobbar saman for å løyse samfunnsutfordringar og auke verdiskapinga.
Innovativt Europa: Målet er å finansiere banebrytande eller innovative prosjekt med potensial til å skape nye marknader. Her kan bedrifter søkje om tilskot og eigenkapital til vekst og skalering.
Norsk katapult:
No kan også medlemmar av klynger og nettverk nytte seg av den nye katapultstøtta, som tilbyr ulike testfasilitetar og utstyr. Det inneber at bedriftene kan få dekt 60 % av kostnadene, opp til eit støttebeløp på 120.000 kroner.
ENOVA
Enova tilbyr fleire støtteordningar for små og mellomstore bedrifter (SMB) som ønskjer å gjennomføre energi- og klimatiltak. Her er nokre av dei mest relevante:
Støtte til varmesentralar: Bedrifter som vil investere i varmesentralar for å nytte fornybare energikjelder til oppvarming av bygningar, idrettsanlegg eller industrielle formål, kan søkje om støtte frå Enova. Dette bidreg til auka bruk av fornybar varme og reduserer avhengigheita av fossile energikjelder.
Energitilskotsordninga: For bedrifter som er spesielt utsette for høge energikostnader, tilbyr Enova ei søknadsbasert tilskotsordning. Denne ordninga er rammestyrt og rettar seg mot verksemder som treng økonomisk støtte for å handtere høge energiprisar.
Støtte til energieffektivisering: Enova tilbyr støtte til bedrifter som ønskjer å gjennomføre tiltak for å redusere energibruken. Støtta kan dekke inntil 30 % av kostnadene, med eit maksimalt beløp på 10 millionar kroner. For å kvalifisere må bedrifta ha som mål å oppnå minst 20 % energiforbetring per bygg.
For å kunne søkje om desse støtteordningane, må bedrifta oppfylle visse kriterium, inkludert å ikkje vere i økonomiske vanskar. Enova følgjer EØS-avtalen sine reglar om statsstøtte, som definerer kva for bedrifter som blir rekna som "i vanskar".