Sirkulært forretningsutviklingsprogram for produksjonsbedrifter
Nordic Circular Design Programme er eit gratis sirkulært forretningsutviklingsprogram som startar i oktober. Programmet er i regi av mellom anna Norwegian Center for Circular Economy.
Programmet er retta mot store og mellomstore industrielle produksjonsbedrifter med dedikerte FoU- og designteam. Programmet har allereie blitt testa på det finske marknaden med stor suksess, med deltakarar som Marimekko, Stockmann, Stora Enso, ABB, Kilto og Genelec. I åtte månader – frå oktober 2024 til mai 2025 – blir deltakande bedrifter coacha i sirkulære forretningsmodellar og praktiske løysingar. Gjennom ei blanding av sirkulære prinsipp og designtenking vil du utvikle ein robust sirkulær økonomistrategi, konkrete sirkulære forretningsmål og innovative produkt- og designkonsept.
Det er avgrensa tal plassar. Meir info og påmelding finner de her!