1. regionale partnerskapssamling i Green Hydra

28. August samla me nokre av dei viktigaste partnarane i prosjektet til det første regionale partnerskapsmøte. Møte gjekk føre seg på Vitemeir, samlingspunktet for Sogn Sirkulære Biohub. Møte starta sjølvsagt med lunsj på smakemeir – Sognasodd kokt på lokal hjort, lokale grønsaker og urter frå takhagen. 

I møte deltok representantar frå fylkeskommunen, verkemiddelapparatet, forsking, utdanning og næringsavdelinga frå kommunar i regionen. 

I tillegg til ei orientering om prosjektet Green Hydra og ein gjennomgang av dei ulike hydrogeninitiativa i regionen, vart det gode diskusjonar og innspel om korleis me kan arbeide for å mobilisere lokalt næringsliv til å ta del i verdikjeda knytt til hydrogen og det vart drøfta kva som blir sett på som viktig for Sogn i arbeidet med å skape nærings- og samfunnsutvikling knytt til energi og hydrogen. 

Møtet danna eit godt grunnlag for det vidare arbeidet som skal gjerast i prosjektet og det samarbeidet som må til for å lukkast med måla i prosjektet. Det vil kome konkrete oppfølgingspunkt med kvar partner i etterkant av møte.

Den neste aktiviteten i prosjektet er ei samling med alle dei internasjonale partnarere i prosjektet. Samlinga vert organisert av den Italienske kommunen, Ravenna, som er prosjekteigar for Green Hydra. Til Italia for å presentere arbeidet som vert gjort i Sogn, reiser Joakim Systaddal frå Sogndal kommune, Torgeir Skålid frå Sogn Utvikling og Line Bjelde frå Sogn Næring - dei tre representerer den lokale prosjektgruppa.

Frå venstre: Gry Høyheim, Anne Stine Hovland, Jøril Hovland, Hans Jacob Walnum, Tore Frimannslund, Kristin Myhra Sæterdal og Olav Grov.

Bård Basberg

Jeg flyttet til Sogndal som student og ble værende ved å skape min egen arbeidsplass. I jobben i Sogn Næring jobber jeg med nettopp dette - fremme regionen, og å få fremtidens gründere til å starte opp i Sogn!

https://sognnaring.no
Forrige
Forrige

Søk støtte til redusering av plastbruk og sirkulær plastøkonomi

Neste
Neste

Sirkulært forretningsutviklingsprogram for produksjonsbedrifter